torsdag 5. mai 2011

Vi kan godt kysse

Frank er ein nydumpa student av ein vestleding. I sin djupe kjærleikssorg vender han hovudet sitt mot eit nytt og impulsivt kollektiv i Oslo. I kollektivet i st. Olavsgate 7 bur Erle, ei lystig, energisk og livsglad jente. Frank liker ikkje Erle med si muntre oppførsel og lyst på livet. Erle liker ikkje Frank med sin dystre og inneslutta framtreden. Likevel må dei to lære seg å bu under same tak, noko som byr på fleire utfordringar enn forventa. Frank slit med å fullføre hovudoppgåva, Erle mistar jobben. Begge to vil gå på trynet, men vil dei gjere det saman?

søndag 1. mai 2011

Ein sterk historie

Eg frys og græt. Græt og frys om kvarandre. Det er kaldt ute. Vårlufta smyger seg som eit kaldt grøss gjennom kroppen min, bit seg i meg. Eg spring. Fell i ein rot. Frys og græt og spring litt meir. Eg har lenge bede om at våren skulle kunne bli ein ny start for meg, ein sjanse til å starte på nytt med blanke ark. Om nokon der ute høyrte bønna; nei. No spring eg som eg har gjort i lang tid. Får ikkje ein ny sjanse, berre spring i vårlufta. Den kalde vårlufta og eg, vi spring saman. Det er ein skrik inni meg som fortel at eg må løype vidare. For viss eg fortsett å løype, då kjem alt til å bli bra. Kanskje eg kan slute å gråta og bli heil. Bli lykkelig. Le. Kanskje nokon kan høyre at eg ber. Men fyst må eg springe og falla litt til.